Hjem Nyheter Behov for meir kunnskap om storaure i Vestland

Behov for meir kunnskap om storaure i Vestland

Av Redaksjonen

Storaure er bestandar av aure der ein stor del av bestanden et fisk og veks seg store. Storaurebestandane i Noreg er redusert og ei nyleg undersøking viste at storauren er forsvunne frå eit undersøkt vassdrag. Statsforvaltaren skal lage ei forskrift med fiskereglar for fiske i storaurevassdrag for å verne om storauren. Foto: Erlend Mjelde Hanssen / Norce LFI.

Storauren i Vestland kan vere i ferd med å forsvinne. Vi treng meir kunnskap om storaurebestandane i Vestland for å lage ei ny forskrift som vil gjelde for alle vassdrag med storaure. To vassdrag med storaurebestandar har nyleg blitt kartlagd.

Statsforvaltaren i Vestland

Storaure har nasjonal verdi

Storaure er bestandar av aure der ein stor del av bestanden et fisk og veks seg store. Det er ulike økologiske definisjonar for kva ein storaure er. Det kan vere storaurebestandar med genetiske forskjellar frå ein “vanleg” aurebestand, eller det kan vere mange aure i ein “vanleg” aurebestand som vert fiskespisere og dermed storvokste. Meir om definisjonar om kva storaure er, finn du ved å følgje denne lenkja NINA-rapport 1498 “Storørret i Norge. Definisjon, status, påvirkningsfaktorer og kunnskapsbehov”

Dei ulike bestandane av storaure i Noreg representerar unike økologiske og kulturelle verdiar. Storaurebestandane er vurdert å ha nasjonal verneverdi, og det må takast særlege omsyn til storauren.

Storaurebestandane i Noreg er redusert

I ei samanstilling av kunnskap om storaure i Noreg frå 2018, såg ein at fleire bestandar av storaure vart redusert. Vasskraftregulering, arealinngrep, og beskatning er vurdert å vere viktige negative påverknadar på storauren.

Ny kunnskap om storaure i Vestland

I 2023 vart Sævareidvassdraget og Oselvvassdraget (Eimhjellevatnet) undersøkt ved habitatkartlegging av gyteelvar, elektrofiske og gytefisktelling. Trykk på denne lenkja for å lese meir Norce LFI-rapport nr. 534.  

Resultata frå undersøkinga viste at storaurebestanden i Sævareidvassdraget ser ut til å vere i god tilstand, men det er usikkert kor robust og stor bestanden egentlig er. I Eimhjellevatnet er storaurebestanden truleg redusert samanlikna med tidlegare nivå. 

I rapporten er det føreslått endringar i fiskereglar for å ta vare på bestandane for å sikre eit haustbart overskot i framtida, i tillegg til andre tiltak for å styrke bestandane. 

mange storaure på elvebunn
Storauren er under press og er sårbar for påverknad frå endra arealbruk. Det er viktig at kommunane tek omsyn til storauren i sine planar slik at denne ressursen framleis kan vere til glede for framtidige generasjonar. Foto: Erlend Mjelde Hanssen / Norce LFI.

Ivaretaking av storaure i kommunale planar

Statsforvaltaren har regionalt ansvar for anadrom fisk som laks og sjøaure og sårbare bestandar av laksefisk. Vi har difor ansvar for storauren.

Storauren må sikrast i kommunale planar. Motsegn skal vurderast av Statsforvaltaren dersom det er føreslått ny arealbruk i planforslag som vil vere i konflikt med viktige økologiske funksjonsområde for storauren, les gjerne meir ved å følgje denne lenkja: T-2/16 Nasjonale og vesentlige regionale interesser på miljøområdet

Vi jobbar med å markere område der funksjon- og gyteområde til storaure er kartlagd i Fylkesatlas. Kartlaget vil heite “Storaure-funksjonsområde”, og vil verte plassert under kartlaget “Fiskeforvaltning”. 

Ny forskrift med fiskereglar for storaurevassdrag

I dag er det forskrifter med fiskereglar som gjeld for nokre enkeltvassdrag med storaure (sjå forskrifter til høgre). Desse skal slåast saman til ei felles forskrift med fiskereglar for alle vassdrag med storaurebestandar. Reglar som kan vere aktuelle er til dømes avgrensingar på reiskap og avstand til gyteelvar. 

Finst det storaure i ditt vassdrag?

Vi veit at det er storaure i enkelte vassdrag i Vestland. Det er andre vassdrag der vi er usikre på om det er storaurebestandar. Dei storaurebestandane vi har oversikt over er lista opp her:

Kjente storaurebestandar i Vestland

  • Sævareidvassdraget
  • Breimsvatnet
  • Jølstravatnet
  • Eimhjellevatnet
  • Hafslovatnet
  • Oldevatnet sør
  • Oldevatnet nord (usikker status)
  • Hornindalsvatnet

Vi treng opplysingar eller tips om vassdrag der det kan vere storaure utover dei som er lista opp over. Ta kontakt med fiskeforvaltarane hjå Statsforvaltaren dersom du tror det finst bestandar av stor aure som spis fisk, og er av ei viss storleik i ditt nærvassdrag. 

Strossle

Du vil kanskje like dette også

Legg inn en kommentar

[script_23]

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Aksepter Les mer

Privacy & Cookies Policy